Voss senioruniversitet
Vedtekter for Voss senioruniversitet
§1 Føremål
Voss
senioruniversitet er ein ideell organisasjon basert på individuelt
medlemskap, som gjennom foredrag, kurs og gruppeverksemd vil
presentera utvalde fag og emne, utan sikte på å oppnå formell
kompetanse.
§2 Medlemskap
Medlemskap
er ope for alle som betalar semesteravgift, fastsett av årsmøtet.
Semesteravgifta gjev tilgang til alle foredrag i semesteret.
§3 Styret
Styret
leiar Voss senioruniversitet mellom årsmøta.
Styret
har leiar og 8 styremedlemmer.
Styreleiar
vert vald ved særskilt val for eitt år om gongen.
Styremedlemmene
vert valde for 2 år om gongen , men slik at 4 er på val kvart år.
Leiar
og styremedlemmer kan ikkje sitja meir enn 6 år samanhengande.
Uavhengig
av samla funksjonstid på 6 år, kan styremedlem som vert vald til
leiar ha samla funksjonstid på 8 år.
Styret vel sjølv
nestleiar, sekretær og kasserar.
Det vert ført
styrereferat.
Styret
er vedtaksført når leiar eller nestleiar og minst 4 medlemmer er
til stades.
Voss
senioruniversitet er bunde av underskrifta til leiar og/eller den som
styret gjev slikt mynde.
§4 Årsmøtet
Årsmøtet
er Voss
senioruniversitet
sitt øvste organ.
Det
skal haldast årsmøte kvart år innan utgangen av februar.
Innkallinga til årsmøtet skal gjerast kjent ved særskilt
innkalling minst 3 veker før årsmøtet. Dagsorden og sakspapir skal
vera tilgjengeleg for medlemene seinast 1 veke før årsmøtet.
Årsmøtet
skal handsama årsmelding og revidert rekneskap for føregåande år,
vedta semesteravgift og budsjett og foreta val av styremedlemmer,
revisor og valnemnd på 2 medlemer. Styret gjer framlegg om valnemnd.
Årsmøtet skal også handsama andre saker som styret legg fram. Kjem
det fleire framlegg i same sak, skal det røystast skriftleg. Ved
likt stemmetal avgjer ein saka ved loddtrekning. Medlemer som vil ha
saker handsama av årsmøtet, må fremja desse for styret innan 2
veker før årsmøtet.
Ekstraordinært
årsmøte kan haldast dersom styret krev det, eller når minst 10% av
medlemene skriftleg krev det. Ekstraordinært årsmøte vert gjort
kjent på same måte som ordinært årsmøte.
§5 Vedtektsendringar
Endring
av vedtektene krev 2/3 fleirtal blant dei frammøtte medlemene.
§6 Oppløysing
På
ordinært eller ekstraordinært årsmøte kan det med 2/3 fleirtal
vedtakast at Voss
senioruniversitet
skal oppløysast. På same møtet vert det teke avgjerd om korleis
eventuelle midlar skal disponerast.
Vedtatt
i stiftingsmøte 24.01.2006
Einskilde
endringar i årsmøte 30.01.2008.
Revidert
på årsmøte 28.04.2021.