Voss senioruniversitet
Historikk
7. desember 2005 vart det halde eit prøvemøte der Gunnstein Akselberg heldt foredrag om "Utvikling av Vossamålet". Det var tydeleg at det var interesse for slike møte, og eit interimstyre som etter initiativ frå Tostein Gunnarson hadde vore i sving hausten 2005, tok opptakten skiping av Voss Senioruniversitet.
Notat frå medlems- og
stiftingsmøte 25.januar 2006. Tid: 1200 – 1430
Møtestad: Voss Indremisjonskafë
Tilstades: Tilsaman var det over 90 tilhøyrarar. Over 70 personar teikna seg som medlemer for vårsemesteret 2006. Servering i pausen : Kaffi og tebrød.
1. Foredrag av Frank Aarebrot:
"Det nye Europa"
Frank Aarebrot tok for seg Europa si utvikling frå Romartida og framover. Han snakka om topografien i Europa og om Europa som begrep. Han trekte liner frå gamle Europa til dagens EU, og la fram sine tankar om utviklinga framover. Statane i Europa delte han inn i Imperiestatar, Bybeltestatar og Periferistatar, og grunngav kva makt dei kunne få i høve til inndelinga. Han konkluderte med at EU var eit Bybelteprosjekt. Aarebrot fekk stor applaus frå tilhøyrarane for det interessante foredraget.
2. Skipingsmøte
Vedtektene vart delt ut og vart vedtekne med små korrigeringar.
Val av styre:Desse vart valde:
Torstein Gunnarson leiar (1 år) Einar Jåstad styremedlem 1 år* (nestleiar) Sissel Solstad styremedlem 2 år (sekretær) Jørgen Rokne styremedlem 2 år (kasserar) Turid Nygaard styremedlem 1 år Jakob Hjeltnes 1. varamedlem 1 år Bjørn Knapstad 2. varamedlem 1 år Kjartan Rødland 3. varamedlem 1 år
3.Valkomité
og revisor
Styret får fullmakt til å oppnemna valkomite til årsmøtet 2007, og velja ein revisor for rekneskap for 2006.
4.Semesteravgift
Styret får fullmakt til å fastsetja semesteravgifta for hausthalvåret 2006. For vårsemesteret 2006 er avgifta kr. 200,- og kr. 60,- for einskildmøta.
Torstein Gunnarson takka Frank Aarebrot for eit fantastisk foredrag, og takka tilhøyrarane for frammøtet.
Voss 25.01.2006
Sissel Solstad, sekretær