Voss senioruniversitet
- ein møteplass for tanke og trivnad!
Neste møte:
Onsdag 18. november:
Fotojournalist i "Hordaland, Vidar Herre (teikninga under):
«Med trykksverte i blodet - om livet som fotojournalist».

Biletet er teikna av Knipo, Ivar Kvåle, 2004
Vidar Herre har kalla foredraget sitt: "Med trykksverte i blodet – livet som fotojournalist".
Han har vore fotojournalist i Hordaland sidan 1990. I dette foredraget trekkjer han linjene frå fuktige framkallingsbad på mørkerommet i Kyrkjebø til dagens fallgruver med kunstig intelligens i Skulegata.
Han har sanka ei rekkje prisar for bileta og reportasjane sine. I tillegg har han forma bladbunaden til Hordaland, eit visuelt handverk heidra med både nasjonale og internasjonale utmerkingar – frå Årets avis i Noreg til Europas beste lokalavis.
I Vossasalen onsdag 18. november viser Vidar Herre eit rikt utval fotografi og avissider frå tre tiår i feltet, fortel historiene bak bileta og svingar innom rolla som skrivande journalist.
Geir Arne Aspebakken
styremedlem i Voss su
Sjå møteplanen for hausten 2026 under fana Møteplan.
Møteplanen for våren kjem tidleg i desember.
Kva er Voss senioruniversitet?
Voss
senioruniversitet er ein ideell organisasjon som samlar interesserte
seniorar til foredrag og samtale om eit fagleg tema. Emna er henta
frå universitet, høgskule og samfunnsliv.
Møta er opne for alle. Dei som ønskjer medlemskap, betaler ein kontingent kvart halvår og kjem så inn på møta med å visa medlemskort/betalt semesteravgift. Medlemer vert oppmoda om å stilla på årsmøtet.
Andre er og hjarteleg velkomne og betaler då for kvart møte på bankterminal eller Vipps (536809).
Opplegget
inneber eit foredrag, ei kaffi-/pratestund og høve til spørsmål og
drøfting.
For haushalvåret 2026 er kontingenten kr 600.
Dei som ikkje er medlemer betaler kr 150 for kvart møte.
Kaffi/te
og rykande fersk kaffimat er inkludert!
Foredraga
blir støtta av Folkeakademiet Voss.
